«Light crossing Light» (N)

Ekko festivalutstilling 2013

Ein industrielektrikar gjer ljos om til teater. 

 

Ekko i samarbeid med Lydgalleriet presenterar utstillings «Light crossing light» av Morten Kvamme.

Han har i mange år skapt gode rammer for kunst i Bergen. Særleg som kurator og teknikar i Bergen Kunsthall og på Landmark. I botn av båe desse verkefelta har han eit heilt anna fag i botn: industrielektrisitet. Denne yrkeserfaringa får han no brukt til fulle i «Light crossing Light». Her undersøker han det tekniske rammeverket til kunstig lys - med andre ord ljos som preger kvardagen vår: 

«Eg interesserer meg for korleis me skaper att og kopierar dagsljoset. For korleis ljoset stadig endrar kvalitet som følgje av teknologisk utvikling. Når lyset endrar karakter forandrar det vår persepsjon. Arbeida i utstillinga er resultatet av ein lengre prosess med formale utprøvingar og improvisasjon.»

Installasjonane og skulpturane til Kvamme er til tider strengt minimalistiske, men samstundes teatrale og forførande. I arbeida konfronterast det estetiske og polerte med ein mystisk undertone der teknologi, utopi og kunsthistoriske strømmingar fusjonerer.

Utstillinga er open under heile festivalen og torsdag til søndag mellom 12-17 frem til 17.november

 

 

 

By: Nikko