Aurland Heartbeat (N)

Å lytte til hjarta er så mangt. Aurland Heartbeat – lydproduksjonsgruppa Supersølv og filmselskapet Sjau si live-audiovisuelle framsyning dreier seg om dette. Alt medan du spring, sym og syklar opp Aurlandsdalen. Framsyninga presenterast i samarbeid med Bergen Internasjonale Filmfestival.

 

Hjartelyden og –rytmen har alltid fascinert komponistar, musikarar og forskarar. Mange har forsøkt å setje både tal, ord og tonar på denne urrytmen; ein har forsøkt å skape att rytmen som går og går og går. Mange har fått dette til. Svært mange har aldri klart det. Aurland Heartbeat er eit prosjekt som forsøker på ein fullstendig ny måte. Dei ser ikkje på det romantiske. Dei ser ikkje på det evige perspektivet i rytmen. Dei tek tak i det organiske. Dei tek tak i naturen. Lydproduksjonsgruppa Supersølv (Anders Bjelland, Jens Kristian M. Rimau, Henrik Angermund) og filmteamet Sjau Film (David Alræk og Kieran Kolle) tek tak i det mest ekstreme i dagens norske hjartekultur: Thriatlonrørsla. Og ikkje kor som helst. Dei har filma og forska i eit av dei barskaste fjellområda i Noreg: Aurlandsfjellet i Sogn. Aurlandsfjellet Xtreme Triathlon (Axtri) er eit løp som vekslar mellom symjing, springing og sykling. Dette er ein kombinasjonssport som krev det ytste av utøvarane – og hjarta deira. Metoden til Sjau og Supersølv er å samle inn hjarterytmedata gjennom heile løpet: frå start til slutt. Desse tala omformar dei deretter til BPM – beats per minute – grunnsøyla i all DJ-ing og miksing. Resultatet gjer dei om til eit visuelt og musikalsk motbakkeløp. Alt blir VJ-a live av Birk Nygaard. Kanskje ikkje så dumt med tanke på kva rolle hjarta speler elles på Ekkofestivalen. Tenk berre når dansepulsen står på topp. Når den står på det høgaste er ein nok farleg nær toppnivået på veg oppover Aurland.

Aurland Heartbeat presenterast i samarbeid med BIFF.

 

 

 

By: Ekko