Skatebård: Transilvanian Galaxi

Digitalo Enterprises - N

Noen ganger er det bortimot umulig å beskrive en artist og et verk. Vi har i år overtalt Skatebård til å presentere et helt nytt live-set under festivalen, men siden vi ikke helt vet hva han planlegger, eller hva resultatet kommer til å bli, så sendte vi ham en forespørsel pr e-post, og ba ham om å forklare prosjektet. Et par timer senere poppet det inn noen lydfiler hvor han selv forteller om siden planer for konsertene. Dette er en transkripsjon av en av lydfilene:

«Ja, i staden for å hente fram ei suppe som ej laga i fjor, som har vori frossen og som ej har tina opp – så finn ej i staden fram dei originale bestanddelane og arrangere dei på nytt, altså til, mange av suppene som ej har laga opp gjennom åri. Eller altså, ut i frå backkatalogen min skal ej hente fram veldig mange element og arrangere dei og sette dei opp på nytt. Og blande litt mer saman alt, og, ja, gjere det på sparket.»

«Så er det jo dette Skatebård: Transilvanian Galaxi. [Det] er jo eit Skatebård alias. Som var veldig hemmeleg med kven som eigentlig stod bak på den første EP-en, som kom ut for to år sidan. I år kom det ut ein ny. Og det er ikkje like hemmeleg lenger og, ja, nå trur ej at ej slår saman dei to aliasane, det går liksom i eitt. Det kan godt vera ej gir ut eit album snart, eller nokså snart, som kanskje vil heite Transilvanian Galaxi. Så no er vi eitt, Skatebård og Transilvanian Galaxi.»

«Også blir det litt Skatebård Greatest Hits og kanskje eit par nye låtar då, som nesten ingen har høyrt.»

Vi syntes dette var noe uklart, og ba om en liten forklarende konkretisering. Da fikk vi dette til svar:

«Ej skal ta ut bestanddelar frå alle låtane mine, og sette dei saman på nytt, med nye arrangement, og i nye kombinasjonar. På direkten. Laptop, midicontroller, mikrofon og eit par effektpedalar er alt som trengst. I motsetnad til alle andre som "pratar for mykje", er ej ein ekte datamusikar og synast ofte at hardware sin påståtte overtruffenheit er oppskrytt. Sjølv om ej har spelt med trio før, med mykje både hardware og ekte akustiske instrument. Menneske er ikkje oppskrytt. Og det viktigaste er det som kjem ut av høgttalarane.»

Så der har du det, katta er ute av sekken (igjen). Og det er altså ingen grunn i verden for å holde seg borte fra Skatebårds live-sett på Ekko i år.

By: Ekko