Philip Jeck (UK)

Britiske Philip Jeck tek alltid med sine eigne platespelarar. Spelarane hans har alle ein ting til felles: dei har sett sine beste dagar.

 

Dei fleiste DJar skriv opp Technics og Pioneer 800 opp i raideren sin. Slikt held britiske Philip Jeck seg langt unna. Han er alltid ei tidsreise unna slike ting. Han finn platespelarar i skraphandelen. Det kan vere defekte platespelarar med eit særeige tics. Eller han tek med seg knuste steinplater. Er han i godlune kan han spele på mange titals gamle platespelarar - på same tid. Han får dei til å synge som eit susete blanda kor. Ein konsert med Jeck kan ofte tangere det magiske. Det er vinylkunst. Platene hans klarar til tider å setje tone på det useielege: som til dømes lyden av Titanic på veg ned i djupet. Philip Jeck spelte ei hovedrolle i "Sinking of Titanic " - dette storverket av den engelske komponisten Gavin Bryars. Her måtte det til ei stemme som Philip Jeck si: det melankolske susete tonespråket frå knuste vinylar og forsofne spelarar. Desse tek han med seg inn i kyrkjerommet også medan han er i Bergen. Han har siden starten vore ein viktig som del av kyrkjeprosjektet Spire.

 

 

By: Ekko