Spire «The Organ - The Emperor of Instruments»

Touch Charles Matthews, Philip Jeck, Bj Nielsen m.fl

Ein sjelden kveld mellom dei sju fjell. EKKO og Bergen Kirkeatunnale deler ror og opner opp Johanneskirken for ein spektakulær elektrisk orgelhappening: Spire.

Touch er eit av verdas framste og mest toneangivande label innan elektronika. Det britiske labelet har i ei årekke vore heimebøen til Biosphere. Fennesz, Philip Jeck og BJ Nielsen er blant andre labelvener. Touch har i over tjue år vore ein viktig leverandør av nyskapande musikalske idear. Ein slik idé er Spire - djupt inspirert av kyrkjemusikk og særleg av orgelklang. Spire betyr (kyrkje)spir på engelsk. Og i dette tilfellet gjeld det altså klangen under spiret. Med denne klangen som arbeidsreiskap reiser besetninga i Spire - aka artiststallen til Touch - verda rundt. I motsetnad til mykje av det labelet elles driv med - i Spire tek dei også fram musikk på noter. Både eldre og nyare. Og som no - splitter ny!

 

Program:

The Spire -  introduksjon av Mike Harding

Charles Camillieri «Sonata Semplice»

JS Bach «Komm, Heiliger Geist»

Marcus Davidson «The Passing»

Scelsi «In Nomine Lucis»

Improvisajon for elektronikk og vokal -  BJ Nilsen og John Beaumont

«The Eternal Chord», improvisasjon - The Spire Ensemble

Marcus Davidson «Ananta» - verdspremiere

Organology, The Spire Ensemble - dirigert av Mike Harding

Arvo Pärt «Pari Intervallo»

 

Medvirkande musikarar:

Charles Matthews, orgel, piano

Marcus Davidson, orgel, elektronikk

BJ Nilsen, elektronikk

John Beaumont, tenor

 

Lengd: 90 minutt utan pause

 

Den engelske komponisten Marcus Davidson står bak eit av dei nyaste verka under Spire på Ekko. Han er sjølv ute på Touch med sin Bee-Symphony. Ein nyskapande kyrkjemusikar med bakgrunn frå britisk gutekortradisjon. Denne korkunnskapen gjer han nytte av på ei rekke måter - ikkje berre som komponist. Dei siste åra har han blant anna drive eit gospelkor i Fana (!) (Han flytta til Noreg for eit par år siden. Stikkord: kjærleik)

By: Ekko