Il Klangkveld Finale

LIVE: LÍNT // EKKOLODD // MONSTEREO // THE ENTREPRENEURS DJS: TARJEI NYGÅRD // ASEL // KALV$MACKER 

5 år med den finaste musikken frå Bergen skal feirast! Me har samla opp pengane frå platesal og inviterer til ein siste klangkveld på Østre. Saman med Ekko lagar me stemning både oppe og nede, med 4 knallband som spelar live og DJs som lagar fest natta lang. Forutan om Línt, Ekkolodd og Monstereo, som har vore med frå starten, har me oppdaga ein gjeng danskar som kicker ass: The Entrepreneurs. Etter midnatt tar Ekko over spakane, med Tarjei Nygård, Asel i spiss oppe i salen.

 

\\ LÍNT //

Mektige lydlandskap i postrock-tradisjon toppa med element frå pop, hip hop og trip hop. Gåsehudstemning både live og på plate, som har nådd utover landegrensene. Hove, fredsprisutdeling, bylarm, Spot i Danmark og eit kjøkken er nokre av stadene Línt har spelt på. Var med i Klangkollektivet før me visste det var Klangkollektivet, og er no på veg utover kontinentet, då dei nettopp signerte platekontrakt i Tyskland.

Som born av samtidas post-rock, var inspirasjonen frå storheiter som Mogwai, Explosions in the sky og Sigur Rós tydeleg hjå Línt ved oppstarten i 2012; ambient og drøymande gitarkomposisjonar, massive veggar av støy, og flytande falsett. Men gutane hadde meir på hjarte enn å heidra sine musikalske førebilete. Frå utgivinga av EP-en i 2013, via spelejobbar på by:Larm, Trondheim Calling og Hovefestivalen, har impulsar frå fleire sjangrar lista seg inn i lydbiletet og sørgja for eit meir eklektisk, leikande og søkjande uttrykk. Beats, synthar og loops, sendte bandet i ny retning med det kritikarroste debutalbumet «Then They Came For Us» (2015).

 

\\ THE ENTREPRENEURS //

Den danske noise-rock-trioen The Entrepreneurs har kome opp frå dansk undergrunn med kanonfart det siste året. Dei har blitt erklært Danmarks sterkaste live band av bl.a Soundvenue, og hylla av internasjonale magasin som Rolling Stone og Clash. Dei fyrer av energisk, umiddelbar rock som lokkar fram luftgitaren og får deg til å lengte til festivalsommaren.

The Entrepreneurs  er del av Thy Music Collective, eit artistkollektiv frå Thy på Nord-Jylland, som starta like etter oss, inspirert av vår modell, og som har vore vår sister from a Danish mister ever since. Bandet er kanskje ukjent for oss nordmenn enn så lenge – men det trur me ikkje varer lenge! Desse drenge kan det å levere rockeshow!

 

\\ EKKOLODD //

Velprodusert, drøymande psykedelisk pop med mørke, absurde tekstar framført på gudbrandsdalsdialekt. Leikande og støyande gitarriff, perlande piano og svevande vokalmelodiar. Klangkollektivet vart til etter ein heftig konsertkveld med Ekkolodd og Monstereo på Hulen:)

Sidan oppstart i 2011, via Urørt-finalen i 2013, har bandet skylla over landet med sin sjarmerande ”undervannspop”. På sitt andrealbum har Ekkolodd gått frå drøymepop til psykedelisk velprodusent pop, med den karakteristiske dialekta og det lekne gitarspelet i spissen. Ryktene seier det er nytt materiale på gong, som me får sniklytte til på klangkvelden!

 

\\ MONSTEREO //

Solide gitarriff, svevande jamparti, insisterande støyinnslag og utradisjonelle låtstrukturar. Kompromisslaust lydbilete fullt av energi og overraskingar. Monstereo har rocka Hulen til kanten, spelt blant sognefjell på Fresn og vore på turné i Kina. 

 Deira førre album «Spacesuits, On!» på dobbel vinyl var første utgiving på Klangkollektivet januar 2013, og tok oss med langt ut i stratosfæren. Med deira nyaste utgiving, «Bright Dark», er dei meir direkte enn nokon gong. Dei melodiske elementa i vokal- og gitaruttrykket er i fokus, samtidig som musikken utfordrar lytteran med nyskapande sjangertenking og utradisjonelle låtstrukturar. Innimellom dei utforskande jampartia, serverer kvartetten raske og umiddelbare rockelåtar, ein dynamikk som har sikra bandet eit sterkt liverykte. Gled deg til rockekonsert!!

 

\\ TARJEI NYGÅRD //

 

\\ EKKO DJS //

TBA


EIT KLANGKAPITTEL ER OVER

Etter fem år med eksperimentering og moro, avsluttast no kapittelet Klangkollektivet. I 2012 gjekk ein gjeng entusiastiske og idealistiske musikkelskarar saman for å løfte Bergens undergrunn til overflaten – ikkje berre byens overflate, men til resten av landet og eit internasjonalt publikum.

Rørsla Klangkollektivet er unik, men ikkje modellen. Skogen av ulike musikkselskap som har dukka opp etter Klangkollektivet står i full blomst, og vitnar om eit sterkt undergrunns-Bergen. Me starta fordi det mangla ein inkubator for mellomsjiktet av artistar i Bergen. Ser me på byens mylder av små selskap i dag, er me absolutt ikkje bekymra for verken undergrunnsmiljøet eller mellomsjiktet - og gler oss til framleis vera del av dette gjennom andre prosjekt og påfunn;)

By: Johanne Øra Danielsen