For stadig å bli

For stadig å bli er eit korverk  for 15 åtskilte stemmer og omhandlar
lytting og avstand. 

Verket i Lydgalleriet baserar seg på opptak frå ein konsert i Bergen bibliotek, der songarar i koret Gneis framførte for stadig å bli for eit vandrande publikum.

Stykket utforskar grensene for sansing (lytting), respons og samhandling utstrekt i tid og rom. Songarane høyrde berre ein eller to av dei andre i framføringa, songen vandra slik mellom dei som ein forsinka impuls, skubba vidare med ørsmå endringar. På konserten gjorde avstandane at stemmene vart skyvde  ut av likevekt, så det vanlegvis synkrone koret vart i ubalanse. Ei og ei stemme song, nesten isolert, sin del av partituret, med vissa om at dette var songaren si individuelle stemme. Stemmene vil ikkje kunne høyrast likt, samstundes. Alt avheng av kor du står.

Kunstnerisk konsept: Sissel Lillebostad.

Komponist: Knut Vaage

Lyddesign: Thorolf Thuestad

Lydmateriale: opptak av kammerkoret Gneis under leiing av Tore Kloster.

 

Prosjektet er støtta av Norsk Kulturråd og Bergen Kommune.

 

By: Johanne Øra Danielsen