Boklansering av Stupet - Leif Grungs krig (N)

PROGRAM

Nicholas H. Møllerhaug
Frode Molven
DJ Annie
Frøken Blytt

OM BOKA

Noregs kanskje fremste arkitekt, Leif Grung, tok livet av seg i oktober 1945. Namnet hans var blitt synonymt med landssvik. Han hadde bygd ei rekke hus for tyskarane og tent store pengar.

Men det gjekk også rykte om at han hadde vore alliert spion.

Kva var sanninga av desse totalt motsette versjonane? Då Nicholas Møllerhaug fatta interesse for Grungs skjebne, tok det ikkje lang tid før dei første åtvaringane kom: «Du må halde deg unna Grung!»

Møllerhaug byrjar å leite etter svar i arkiva, og oppdagar at sentrale dokument har blitt borte. Gjennom å ta lesaren med inn i jakta etter spor og vitnesbyrd fortel denne boka ei besettande og tragisk historie om arkitektur, motstand, intriger og misunning.

KLUBB MALAGA
I 1921 drog arkitekten og danseløva Leif Grung på Sydentur - til Malaga. I samband med lanseringa av "Stupet - Leif Grungs krig" følger DJ Annie og Frøken Blytt i Leifs fotspor frå den gongen. Med platebaggar fylde med solfaktor 15 og dansemusikk.

MEDVERKANDE:

NICHOLAS MØLLERHAUG er skribent, kurator og festivalleiar i musikklivet. Møllerhaug har budd og arbeidd mange år i Grungs by, Bergen, og har mykje spesialkunnskap om byen og kunstlivet der. Gjennom desse åra har han – av interesse og for eiga rekning – forska og opparbeidd seg tilgang til ukjende opplysningar om arkitekten Grung og livshistoria hans.

FRODE MOLVEN - Forlagsredaktør i Vigmostad & Bjørke

DJ ANNIE & FRØKEN BLYTT
DJ Annie og Frøken Blytt dreiv den legendariske klubben Pop to you drop (PTYD) på Agora i Bergen - på tidleg 2000tal. Siden dei la ned PTYD har dei to gode klubbsøstrene utvikla sine eigne artistprosjekt. Annie har hatt global suksess både som låtskrivar og popartist. Frøken Blytt har på si side skapt fabelelektro i duoen The Work - i lag med Powerlars. Dei to har også hatt nasjonal suksess med klubbkonseptet Powerblytt. Med andre ord er det ein heilt unik sjanse dette: til å høyre to klubblegender spele back to back igjen.

By: Asle Bakke Brodin