DE UNDERJORDISKE, DJ FETT BURGER, RADIO 9

Klangkollektivet og Maksimal inviterer til helaften på Østre like før jul! Dette er kvelden me hyller konsertformatet, dansegolvet, den gode samtale, smaker årets vinylkaffi og nyter ei god flaskeøl. På programmet står den danske nysigneringa De Underjordiske, norsk-britiske Radio 9 og Berlin-baserte DJ Fett Burger frå smått legendariske Sex Tags Mania. Og klangkveldtradisjonen tru blir det både ein og to programpostar til, som fyller heile huset. Kom på Østre før juleroen tar deg!

 

DE UNDERJORDISKE
Deira heilt eiga tolking av psykedelisk rock har sendt De Underjordiske med rakettfart opp på den danske musikkhimmelen og den internasjonale psych-scena. Live leverer dei eit hypnotiserande show med Peter Kure sin karaktistiske vokal og særeigne framtreden i front. I sommar spelte dei for heile 5000 (!) ekstatiske Roskilde-publikummarar, og no står Noreg og Bergen for tur.




DJ FETT BURGER
Fett Burger har utmerka seg som eine halvdelen av søskenparet bak eit av landets viktigaste plateselskap innaføre elektronisk musikk - Sex Tags. Selskapet har i over 10 år utgive kompromisslaus, klubborientert dansemusikk som har utfordra konvensjonar så vel som publikum. Burgeren sjølv har over åra blitt ein svært ettertrakta produsent og DJ, og har samarbeida med bautaer som Annie, Lauer og Telephones. Med polyrytmer, synkoper og plutselege taktskift svingar låtane tilsynelatande utan kontroll, som gjer dansegolvet til ein real night out!





RADIO 9
Oslobaserte Radio 9 er et friskt pust i norsk musikklandskap. Den norsk-britiske trioen kombinerer nokre av dei mest energiske sjangrane som har oppstått - nemleg punk, wave og krautrock. Det finst det for lite av! Med trommemaskinar, gitarar, effektpedalar og synth lagar dei flotte lydlandskap med stramme grooves. Inspirasjon frå tradisjonen som legendene Neu!, Cluster og Kraftwerk starta på 70-talet. 


MAKSIMAL DJs
Dette teamet av musikkentusiaster kommer fra en rekke ulike miljø i Bergen. Det kommer tydelig frem i spillingen - Maksimal Djs spiller elektronisk dansemusikk som høres både tidløst og drømmende ut. Punk, wave, italo, proto-house, elektro, krautrock, disko og alt imellom. Musikken skal begeistre og utfordre publikum - fra gamle skatter til futuristiske hits, Maksimal DJs koker det hele sammen til en uforglemmelig reise.






KLANGKOLLEKTIVET
Opp frå Bergens undergrunn har Klangkollektivet vakse fram. Eit plateselskap, bookingbyrå og studio som presenterer kompromisslaus musikk frå byens mest lovande musikarar. I dagens jungel av artistar og sjangrar geleider Klangkollektivet deg gjennom det beste byen har å by på av eksperimenterande popmusikk, frå eklektisk elekrokraut til drøymande psykedelisk pop. Feirer med denne kvelden sin 3. fødselsdag!






BAD VIBES OM PSYCH
Christian Wiese og Ole Kristian Einarsen frå det nyoppstarta psych-labelet Bad Vibes om psykedelisk musikk, Bergen, De Underjordiske og good vibes.

 


NABOPRAT
Emilio og Ørjan oppsummerer musikkåret 2015 Me startar kvelden på Østre med Naboprat live i førsteetasjen! Nabovarsels eigen Emilio Sanhueza i prat med Ørjan Nilsson frå BA, og saman vil dei gi ei slags oppsummering av musikkåret 2015 for oss. Kanskje blir det litt om 2016 også? 

 

 

 




By: Østre