Støttekonsert for Second Love (NO)

 

Sett av 12. desember i kalenderen folkens!

 

Då vert det full fest med konsertar og basarstemning på Østre.

 

Det har seg nemleg sånn at secondLove var tvungen til å flytte frå sine gamle lokalar i Skostredet til nye i Østre skostredet. Der er det mykje som lyt gjerast, og budsjettet forsvann i sparkel, plankar og litervis med maling. Lisa som driv butikken er heldig som har mange gode vener. Dei har jobba dag og natt på dugnad. Dei har bygd trapp og forvandla heile romløysinga. 13. desember opnar dei endeleg.

 

Men fordi dei heng i ein tynn tråd økonomisk, her me gått saman for å samle litt pengar til ho. 

 

For å få til det har me altså fiksa ein støttekonsert.

Det vert spektakulært med fantastiske band og basarstemning. Joda, du las riktig. Me har nemleg loddtrekning der de kan vinne fantastiske premiar. 

 

Mellom anna: 

-Tatovering til ein verdi av 2,500 kr (!)

-Gåvekort hjå secondLove til verdi av 3000 kr

-Middag for to på Roll & Rock m.m. 

 

Litt den stemninga som var på dei gode gamle juletrefestane som vart arrangert rundt på skular back in the days.

 

CC : Kvelden kostar for billett + eit lodd 130,-

 

Her er programmet:

 

- Konferansier Lars Kvamsdal

 

- Action the Man saman med Rakel Anna Kristjans.

 

- Sondre & hans fenomenale orkester

 

- Mybrotherthemoon

 

- Kvit skit med cajon og bjeller

 

- Vöödöö

 

Andreas Pisani er platesnurrer for kvelden.

 

Alle hjarter gledar seg!

 

PS: Det vert mogleg å kjøpe billettar på førehand på Folk og Røvere i Skostredet etterkvert. Dette vert mellom kl 14.00 og 23.00. kvar vekedag.

 

P.S. P.S: For dei som ynskjer å bidra, men som ikkje har moglegheit til å kome på tilstelninga kan ein setje inn den summen ein føler for på dette kontonr: 3480 51 37950. 

Dette er sjølvsagt anonymt for dei som ynskjer det. 

På førehand takk!

By: Østre