KLANGKVELD #3 /// TRIPPEL SLEPPFEST

Klangkollektivet - NO

KLANGKVELD #3 /// ALEXANDER VON MEHREN /// LUMIKIDE /// SEAN O'HAGAN /// DJS: YOUNG DREAMS OG HERREMANNEN

Det blir trippel sleppfest og storfint besøk frå London når Klangkollektivet inviterer til 2-årsdag på Østre 7. november!

Det er no to år sidan me opna dørene på Østre og ynskja velkommen til første smakebit av Klangkollektivet. Elleve album, to EP-ar, ein kassett, ein sjutommar og ein vinylkaffi seinare inviterer me nok ein gong til labelkveld på Bergens like ferske kulturhus. 

 

ALEXANDER VON MEHREN SLEPPFEST

Fredag 31. oktober er Alexander von Mehren tilbake med debutalbumet i ny drakt når han lanserar remix-EP-en «Aéropop Revisited». På Østre denne kvelden blir det plateslepp med fullt band på scena. Ideen bak remixprosjektet stammar frå von Mehren sin freidige visjon om å få nokre av sine aller største musikalske førebilete til å laga eigne versjonar av låtar frå «Aéropop». Og det er ei imponerande gjesteliste som bidrar med remixar: Andy Ramsay & Joe Watson (Stereolab), Young Dreams, Dave LeBleu (The Mercury Program), Orwell og Crookram. Sean O’Hagan sitt bidrag «Aérosuite: The House That Jack Built» vart sluppe fredag 19. september og er tilgjengeleg digitalt no. Remixen er basert på avslutningsverket frå von Mehrens debutalbum «Aéropop» (2013), og The High Llamas-generalen har i grunn laga ein heilt ny låt basert på von Mehren sitt originalmateriale.

«Aéropop Revisited» kjem ut på vinyl, CD og digitalt i USA, Canada og Mexico (The Control Group), Storbritannia (Folkwit) og Japan (Rallye). Og sjølvsagt i Noreg via Klangkollektivet. Låtane er mastra i Abbey Road av Alex Wharton.

 

EKSKLUSIV OPPTREDEN AV SEAN O’HAGAN

Steminga var i taket då me fekk stadfesta at Sean O’Hagan ville bli med på sleppfesten i Bergen. Det blir hans fyrste opptreden i byen sidan konserten med The High Llamas på Bergenfest i 2003. Me gler oss til å høyre O’Hagan i soloformat! 

Irske Sean O’Hagan har vore ein sentral skikkelse i det alternative musikkmiljøet i Storbritannia sidan starten av 90-talet, og er spesielt kjend for sitt musikalske bidrag i Stereolab og ikkje minst hovudprosjektet The High Llamas. Men O’Hagan har også samarbeidd med ei lang rekkje andre artistar og band, og har blant anna laga stryke- og blåsearrangement for fleire av Sondre Lerche sine låtar opp gjennom åra.

 

LUMIKIDE MED NY SINGEL

Den nysignerte trioen Lumikide imponerte bergenspublikummet under Den Elleville Festen. 5. november slepp dei ny singel frå den komande EP-en, og to dagar etterpå får Bergen nok ein gong oppleve trioen, som i vår vart kåra til «Ukas Urørt». Med særeigen vokal som spenner frå det sarte og skjøre til ein maktdemonstrasjon i stemmebruk, og eit lydbilete som rekk like langt, produserer trioen eit musikalsk univers som sluker deg og får deg til å trygle om meir. «De skriver og fremfører intrikate og avanserte komposisjoner, men sper på med popete melodilinjer som gjerne treffer et litt bredere publikum. Spennende!» - Krister Wiberg, Musikknyheter.no om konserten på Elleville.

 

KLANGKOLLEKTIVET #3

Same dag som klangfest på Østre, lanserast vår årlege samleutgiving digitalt. Her finn du både oppsummerande og framtidspeikande låtar frå våre artistar. 

 

Djs for kvelden er Young Dreams, som også har remixa ein låt til EPen, og David «Herremannen» Heilman (trommer i Sondre Lerche, Fancy Colors, Regina Spektor m.m.).

 

VELKOMMEN!

By: