Bergensposisjonar - Tilstander av Unntak 1# : "Almenrausch" - visuell høyring

Transiteatret - NO

Radiokunst i Lydgalleriet

 

Radio som medium står i eit underleg spenn mellom estetikk og opplysning, mellom det prosaiske og det dramatiske og mellom formidling og kommunikasjon. Radioen står så å seia i eit mellom-rom, ikkje berre som det fysiske objektet som menneske kan samla seg ikring og lytta til, men og som svevande ambivalens mellom “høg” og “låg”, mellom masse og elite og mellom nytt og gamalt. Høyrespelet – spelet rundt høyringa – har òg dette underleg mellomrommet i seg: Sjølv det mest klassiske dramaet fordrar her lyttaren som visuell med-skapar, slik at all naturalisme (all “passiv” avbilding av røyndomen) er umogleg i høyrespelet. Få ting egner seg difor betre i eit samtidig kunstgalleri enn dei biletskapande radio-bølgjene som i kraft av sitt eige medium berre evner å gje grunnmur og ansats for den samla innbillingskrafta til dei som til ein kvar tid er tilstade i rommet. ”Mediet er sjølv bodskapen”, sa teoretikaren McLuhan og treffer ei side ved radioen generelt- og det gamle høyrespel-mediet spesielt, der sjølve mediet eller ”apparatet” – gjenstanden, komprimeringa, susinga – er bærar av innhald og djupfrosne narrativar. Med Almenrausch som visuell høyring er det det dermed opna for eit tosidig stoffskifte, kor radio-forma – ein gong designa for å nå ut til einskildmennesket i “sin privat sfære” – vert omfunksjonert av kunstgalleriet som felles lytte-arena. “Samhøyring”, kunne ein kanskje kalla denne utstillinga. Kva skjer – og har skjedd – med kunsten å lytta saman? Kva tyder det i dag å samla seg rundt sjølve høyringa, eller sagt annleis; kva tyder det (no) å høyra saman?

 

Tore Vagn Lid

 

Fakta:

• “Almenrausch” vart først skriven som scenisk verk (Agder Teater, 2008) og utvida/omskriven som ei høyring for radio, sendt første gong av NRK radioteatret i desember 2011.

• Transiteatret-Bergen & NRK-Radioteatret samarbeider no med Østre - Hus for lydkunst og elektronisk musikk (Østre skostred nr 3) i Bergen om å la radio-komposisjonen møta galleriet i ein audiovisuell installasjon som opnar dørene 18.desember.

• “Almenrausch- En Radiohøring” vart først komponert over tre etappar som eit partitur for bandspelarar, skodespelarar og orkester. Ambisjonen er ei psykoanalyse av norsk krigshistorie, dvs. å freista henta fram, artikulera og kritisk perspektivera dei såkalla “krigskommunistane” sine historier, dvs. den delen av den norske motstandsrøyrsla som fall i skuggen av dei glorifiserte norske krigsheltane. Høyringa vil – som høyringar flest – rykka historiefortelling ut av sentralperspektivet, la polyfone stemmer koma til orde, også der dei tilhøyrar menneske som for lengst er gått ut av historia – rungande tause.

• For “Almenrausch” fekk Tore Vagn Lid både “Blå Fugl” og produksjonen fekk Nordisk Høyrespelpris 2011. Manus vart nominert til Ibsenprisen, og tatt ut som det norske bidraget til “nye stykker frå Europa”. (Sceneversjonen fekk Heddaprisen som Årets framsyning i 2008)

 

Regi, tekst og audiovisuelt konsept: Tore Vagn Lid

Lys: Norunn Standal

Rekvisittar /Scene: Øystein Nesheim

Lyddesign (NRK): Arne Barca

By: Østre