b0ka releasefest

b0ka recordings - NO

 

b0ka | Mathias Stubø (DJ) | Sherpa | Foreground Set | Liberty Pop

Frå Eid i Sogn og Fjordane kjem b0ka, som leverer "Instant Tropicana" og gode vibbar med sin dansbare, energiske klubbmusikk. Dei fem gutane i bandet trakterer trommemaskinar, synth og vocoder, samt blås, gitar og trestemt vokal. Dei sjonglerer sjangrar, improvisererr og lagar liv og røre med liveshowet sitt, som i følge Gaffa "verkeleg imponerer".

Gutane i b0ka har vert bestevener sidan barnehagen, laga musikk saman sidan ungsdomskulen, og spelt i band saman sidan vidaregåande. To av dei er profesjonelle jazzmusikarar som spelar fast med Razika, Mugu Ensemble og Ytre Suløen. Dei resterande medlema har bakgrunn som DJ-ar og produsentar. 

b0ka har, i tillegg til eigne klubbkonsertar rundt om kring i landet, spelt splittgiggar saman med Annie, Lemâitre, Proviant Audio, Sandra Kolstad og Ost og Kjex, samt varma opp for Chad Valley og Mungolian Jet Set. I 2013 vant b0ka den nasjonale låttevlinga 4Sound Demotape, og bandet har hatt låtar lista på NRK Sogn og Fjordane og Studentradioen i Bergen.

    Medlem

    Espen Bjørlo Mellem (Gitar, Vokal)

    Bjørnar Sira (Datamaskin, Vokal)

    Andreas Rotevatn (Trombone, Synth, Vokal, Talkbox)

    Endre Øsleby (Bass, Perk)

    Morten Smith Lien (Saksofon, Vocoder)

NB: Stor fare for god stemning!

By: Østre