ND_Baumecker & Sanhueza

Panorama Bar/ Berghain - TY

Det er jo eigenleg ikkje lov å prate om god stemning, men når det kjem til Sanhueza er det freistande. For sjølv om det finst ei mengd gode DJ-er i Bergen, plenty av folk som er i stand til å utføre ein sømløs miks eller byggje eit suggerende dansegulv, så er det få som gjer alt dette og samstundes puttar eit enormt glis rundt munnen din. Men Sanhueza gjer alt dette - og litt til. Så har han òg øvt lengje. Sanhueza hadde sin første spillejobb på den legendariske klubben Miles Ahead allereie som 15-åring. Sjølv om han ikkje er gamle karen i dag, så utgjer det ein gode ti år med trening. Han står òg bak klubbkollektivet Nabovarsel. Han er ein gjenganger på Ekko-programmet, han jobbar òg med presse for festivalen, og er alltid tilstades i kulissene. Vi vil påstå han er blant Bergens aller beste DJ-er, og då må han sjølvsagt på programmet.

Denne siste fredagen på Ekko avsluttar han saman med ND_Baumecker, frå Panorama Bar/ Berghain, denne tyske legendariske klubben me av og til fluktar til. Heldigvis får me låne ND av og til, som sørger for tysk hedoisme og heftige dansetakter på eit bergensk dansegolv. 

«A well known ballet choreographer once said: ‚Surprise is important.’ I think this approach fits my style best. I’m oscillating between Disco, House, Techno, Electro, Minimal and Maximal. I’m always open to anything between the brute and the tender» - nd_baumecker

By: Ekko