KLANGKOLLEKTIVET 1 ÅR

Klangkollektivet - NO

Klangkollektivet og Ekko presenterer: KLANGKOLLEKTIVET 1 ÅR

Hypertext /// Línt /// Gjester: Waldo & Marsha (DK) /// DJ: Admir & Alisa

Det er no berre eitt år sidan me opna dørene på Østre og ønska velkommen til første smakebit av prosjektet, Klangkollektivet. Byens nye storstove for alternativ musikk og kunst var den perfekte arena for kvelden. Så no er me her igjen! Eitt år etter har det skjedd mykje: sju album og ein EP er allereie ute på vinyl og i den digitale skya. Band er sendt på turné i inn- og utland, og fleire land står allereie for tur. 

Det er noko med Noreg-Danmark, Bergen-Århus. Allereie før me lanserte i fjor, prata me med gode folk i utlandet. Det er difor naturleg å invitere opp eit spanande namn frå vårt naboland Danmark. Møt våre danske vener, lokale kjenningar i kollektivet, ein ny DJ-duo, vår faste lydteknikar Michael og fantastisk sprøe VJ BN. Velkommen til ny Klangkveld på Østre!

WALDO & MARSHA (DK - A:LARM)

More is more – mektig shoegazepop frå 8 unge danske menn

Det unge danske åttemannsorkesteret har dei siste åra florert i undergrunnen av dansk musikkmiljø. Då deira debutalbum kom ut tidlegare i år, vart dei møtt av hyllest frå dei største danske medier; dansk musikkframtid er lys, her kjem ungdommen! Med musikalske lenker til ”den eldre garde” Cocteau Twins, The Beach Boys og The Flaming Lips serverer bandet ein mektig lydvegg av støyande shoegazepop med sine svevande gitarar og 80-tals synthar. Dei har også fått med seg den danske diskokongen Vinnie Who på låta «Canals», og me får vibber av våre danske heltar i Mew over oss. Den dejlige, suggerande driven Waldo & Marsha tilfører støyande psykedelisk pop har truffe oss midt i hjarterota, og det er på tide at også Bergen får sett desse danskane live. 

«det må kandidere til et af forårets nævneværdige musikalske højdepunkter» Gaffa Danmark (5/6)

 

HYPERTEXT

Bergen har mykje å takka Haugesund for. På starten av 2000-talet fann den eine haugesundaren etter den andre det godt å flytta nordover, til Bergen, for å dyrka sitt musikalske virke. Slik har det oppstått eit nesten eige miljø i Bergen, og frå dette dukka kvartetten Hypertext opp i 2006. Det tok ikkje lang tid før den vaks til ein sekstett, som har hatt medlem frå både Casiokids, The Gin and Tonic Youth, Susanne Sundfør og Electric Eye med i konstellasjonen.

Hypertext har i løpet av sine leveår lånt frå mange ulike sjangrar og veksla mellom både krautrock, støy, shoegaze og pop. Vokalane følgjer instrumenta tett, gir eit saumlaust lydbilete, og resulterer i eit leikent og dynamisk uttrykk som fryder å lytte til. Det har nærast blitt tradisjon at sekstetten annonserer sin musikalske ståstad med albumtittelen, seinast i vår med tredjeplata «Progmatisme». Bandet er aktive i utlandet, og har spelt på bl.a Spot-festivalen i Århus.

LÍNT

Den unge gjengen i Línt leverer framifrå komposisjonar i skjæringspunktet mellom post- og støyrock, med fokus på utfordrande låtar som er melodiske og dvelande på same tid.
Storarta konsertar og nydelege låtar har nok mykja av skylda for den velfortente merksemda gjengen har fått siste halvanna året. Kvintetten eksperimenterer fritt med postrock-sjangeren; Gitarbaserte melodiar legg grunnlaget, medan musikken karakteriserast av dynamiske kontrastar som inneheld både symfoniske og avantgardistiske element. Alt pakkast inn i draumande og suggerande komposisjonar som byggjer seg opp til mektige lydlandskap. Inspirasjon hentar dei frå store namn som Godspeed You! Black Emperor, Mogwai og Sigur Rós – men kvintetten beveger seg ofte langt bort frå sine inspirasjonskjelder, i retning av ukjende landskap. «Línt EP» vart sluppen på 12’ vinyl mai i vår, og er spelt inn i Greener Productions (Dråpe, Angelica’s Elegy).  

Foto: Oddbjørn Steffensen

ADMIR & ALISA

Etter mange år med forbipassering, heller tilfeldige møter og seine nattestimar med musikkprat, har Admir & Alisa frå Ekko-DJs-familien (då under dei meir eller mindre pretensiøse namna Admir Kenan og Unge Lovende Larsen) funne tonen over miksebordet. Dei forlater det trygge Ekko-landskapet og spelar favorittar frå platesamlinga med litt meir gitar. Som Admir sjølv seier det: ”Indie, råkk, pop, new wave, minimal wave, post-punk, alternativ elektronisk musikk og whatnot. Tenk Led Zeppelin møter Nicolas Jaar, tenk Grimes møter Joy Division. Vi stiller med et åpent sinn og håper du får det gøy! C'est La vie!”

By: Østre