VJ BN (N)

Hordalandsmeisteren i videokunst. 

 

Birk Nygaard har i ei årrekkje skapt virtuelle sirkustelt og freskar på den lokale musikkscena. Han målar med ljos i røykar og på lerret - til musikk. Dette gjer han med alt frå Lars Vaular til samtidsmusikk. Han er med andre ord ein svært allsidig VJ og meister på projeksjon og videokunst. Han reindyrkar det evige tilhøvet mellom lydar og bilete på sin eigen måte, utfordrar teknologien og komplimenterer det musikalske uttrykket med skreddarsydde, og stadig meir kreative, visuelle effektar.

I fjor kunne Ekko-publikummet oppleve hans visualitet under Sandra Kolstad-konserten, og han er fast inventar på Ekko sine konsertserie. I år er han med under alle festival-kveldane på Østre. Sjølv har han uttalt om årets prosjekt: "Denne gongen seglar eg og i nye farvatn, med heimelaga lampar - Ljos som grafikk, og grafikk som ljos."

By: Ekko