Stockhaus (NO)

Endeleg! Live! Stockhaus sitt danselege soloprosjekt!

 

Stockhaus er kjend som ein hardtslåande mann med rock kring heile seg. Særleg frå hans virke som vokalist i Ungdomsskulen. No får ein anledning til å bli kjend med ei heilt anna side av han. Han har dei siste åra skapt eit energisk sett med danselåtar. Også i denne anledninga er den tøffe stemma hans med. I møte med eit heilt anna lydbilete - dansetakten - kling stemma heilt nytt og annleis. Stemma til Stockhaus blir nærast tropisk: som om Harry Belafonte var frå Hordaland kan ein seie. (Ispedd ein god del hes tenor) Dette er den første offisielle framføringa Stockhaus gjer av dette med band. Ei sjelden begivenheit - heilt på linje med debuten med Fjernsupport.

By: Ekko