Hunee

Rush Hour Recordings - US

Ein av Berlin sine mest populære DJ-ar: jamleg vekslar han med å spele på stader som Soju Bar, Berghain, Wilden Renate, Trouw og Plastic People - stader der feinschmekkarane går. Kanskje tek han også fram sine eigne plater på Østre. Seks fine EP-ar har han gitt ut. 

 

Før var Tyskland åleine kjend for Schubert, romansar og Deutsche Grammophone. No har Ostgut, Berghain og minimal teke over. Mange har forlengst gløymd ut at det var noko før. Mange har aldri høyrd om Deutsche Grammophon ein gong. Det gjeld ikkje Hunee nei. Han er ein av Teutonias største DJ-ar i dag og skjems ikkje av å spele litt kammermusikk. Han er eklektisk som mr. Weatherall men grev i andre platehyller. Han finn nok mykje obskurt i kammersamlingane i Frankfurt Oder, Brandenburg eller Dresden. Han let eldgamal mørk soul klage i kor med med ljos kammermusikk . Han presser italo inn i pardans med gamaldisko. Så er det kanskje igjen litt kammermusikk før han let jazzen leve i nokre minutt. Punk, house og så litt kammermusikk igjen. Til dømes. Uansett kva han gjer så miksar han til rein perfeksjon og timing. Både dansefot og kammerøyre nyt kvart sekund av eit Hunee-sett. 

 

 

By: Ekko