Holly Herndon

Rvng - US

Holly Herndon frå San Fransisco har eit svært allsidig arbeidsfelt. For tida tek ho doktorgraden ved det ærverdige Stanford University - i computermusikk. Tidlegare har ho vore student ved eit anna like kjend college - Mills College. Der lærde ho å komposisjonsfaget - så godt at ho vann den prestisjetunge Elizabeth Mills Crothers Award i 2010 - for eit verk der hennar eige stemma speler ei vesentleg rolle.

 

Det finns ein del der ute som har vore med i kor. Dei har synge i kor. Dei er koristar. Nokre gjorde det då dei var små. Andre då dei var eldre. Ein god del har slutta. Dei har slutta i koret. Dei har aldri kome attende til korsongen igjen. Og så er det enkelte som saknar å vere med i koret. Dei lengtar til koret men orker ikkje. Kvifor? Jo det er for mykje styr å vere med i kor. For mange øvingar. Ein må vere med på øvingshelger. Ein må vere med på dugnad. Ein må øve til stadigheit. Ein må halde seg i sjakk - og ein må stille opp. Ein må betale medlemskontigent. Ein må lese noter. Ja det er mange forpliktingar å vere med i kor. Då er det ei herleg erkjenning å oppdage Holly Herndon. Ho har sitt eige kor. Det består berre av ei stemme - nemleg hennar eiga. Via computarane legg ho stemma si oppå stemma si oppå stemma si oppå stemma si. Og så vidare. Ho komponerer dei saman til rytmisk og polyrytmisk korsong. Ei enkelt stemme - og masse bassrytmar i botn - så har ein kor som groovar langt forbi all mogleg gospel. Holly Herndon lagar kollasjar av si eiga stemme. Ho let kollasjane gli inn og ut or einannan: ho bruker klassiske mønster for å få dette til. Ja noko må ein jo rekne med at ho har lærd ved Yale! I alle høve er det her snakk om ein som kan sitt kontrapunkt og samstundes veit kva groove er. Med avslappa kontroll vekslar ho mellom frenetiske rytme og lange horisontale sett. Det er dette ein på tidleg nittital hadde poge vilt til - denne ville fridansen som levde godt på vestlandet.

 

 

By: Ekko