André Bratten

Full Pupp - N

André Bratten frå Oslo er norsk ambassadør for robodisko. Denne jobben gjer han med god stil - ikkje minst etter hans siste plate: "Be a Man You Ant". Den kom ut på Prins Thomas sitt label Full Pupp - og har gode dagar både i klubb- og cyberverda. Til og med Pitchfork har fatta interesse for denne og gitt titulert den best new track. Det er betre enn ein Spellemannspris på Internett. Og ikkje dårleg for ei låt frå ei norsk debutplate. 

 

André Bratten kunne gjort det godt som hardingfelespelar. Han har - som enkelte andre norske elektroniske artistar - ei rekke kvalitetar til felles med denne yrkesgruppa. Særleg dei som dyrkar slåttespelet - denne slagferdige norske danseformen. André Bratten har til og med eit namn som funkar! Berre ved å heite André Bratten kunne ein ha gjort det stort på eit utal landskappleikar. Ja og det er det han gjer no. Ikkje innan slåttespel men innan robodisco.

Nett som slåttespelarane slår han lange repetative rytmiske linjer med computeren sin. Desse linjene glir over i einannan i vakre landskap: det heile er temmeleg naturalistisk kan ein påstå - nett som mykje anna god norsk elektronisk musikk. Bratten sitt toneunivers er både ljost og mørkt. Til tider søker han tilflukt i ein halvmørk hage - nesten som skumringshagane i måleria til Nicolai Astrup; desse kan ein få med seg på dagtid på KODE 1.

På nattestid kan du altså høyrer Bratten spele opp til dans.

 

By: Ekko