Lindstrøm

Smalltown Supersound - N

Lindstrøm heiter eigentleg Hans Peter Lindstrøm. Eigentleg Stavangermann. Frå sin base i Oslo lagar han musikk heile verda dansar til. Få norske DJar og artistar turnerar så mykje som han. Han er kjend for sine duettar og samarbeid også - eit med Christabelle og eit anna med Prins Thomas. Og så remikser han alskens artistar - frå Roxy Music til Franz Ferdinand.

 

Eit tankeeksperiment: når Lindstrøm speler på Østre denne kvelden - mikk han så høgt opp at ein høyrer han heilt til Askøy. Kvifor til Askøy? Jo for då kan det vere at Ingerid Espelid Hovig høyrer han. Ja viss ho er på hytta si. Etter det ein veit ligg denne hytta ved sjøen. Lyd spreier seg uendeleg godt over vatnet - og det er ikkje sååå langt frå Østre til vatnet. Ja ein får håpe: Kvifor? Jo - ingen har klard å setje lyd på det Ingerid Espelid sette ord på - som Lindstrøm. Han har halde fram der Espelid Hovig slapp. Han syng vidare der orda hennar ikkje lenger rakk fram. Han får fram lukta og atmosfæren som aldri tvkameraet klarde å få framkalle. Så ein kunne berre håpe at Ingerid var på hytta denne kvelden. Ja og at Lindstrøm spelte høgt nok. Låtmaterialet han no turnerar med er ei suveren formidling av vestnorsk tradisjonsmat: fårikål, vossakorv og vafler. Blant anna.

Medan Ingerid Espelid Hovig haldt seg til dei norske rutene når Lindstrøm ut over heile kloden. Ingerid var stor berre her heime - men du kor stor ho var. Og no gjer Lindstrøm sitt for at ho blir endå større. Men vent med å ete til etter Lindstrøm har spelt.

 

By: Ekko