Fjernsupport (NO)

Rundfunk + Baertur = Fjernsupport. Endeleg blir dette omgrepet teke på alvor og gjort sexy igjen. Ein debutkonsert som det allereie vibrerar av. 

  

Dette er ein debut mange har sett fram til: Fjernsupport er det nye bandet til melodimeister #1 Ketil Mosnes (Baertur/Datarock) og melodimeister #2 Eirik Moberg (Rundfunk). No under psevdonymet Harvey Harveycock og Dick Streetlife. Mosnes var med på å skape dei store hittane til Datarock i si tid: «Fa Fa Fa» og «Computer Camp Love» har noko Mosnesk over seg. Og ein kjenner straks att signaturen hans frå denne tida. Melodi- og basslinja i den munterfrenetiske «Rock'n Roll Waldorf School» kjenner ein att frå gullalderen til Datarock. Forskjellen er at no har han dratt materialet endå lengre, Det er far out, hysterisk og frenetisk. Slik måtte det vel gå når hans bandmate i Fjernsupport heiter Dick Streetlife, og bringer inn lass på lass med melodiar frå hans verd. Dette må bli eit interessant møte. Folk med Steinerskolebakgrunn burde absolutt få denne debuten med seg: «Rock'n Roll Waldorf School» er ein fantastisk og hysterisk feiring av Steinerskulens indre liv: eurytmien. Heilt fucka opp med glimt av både Ramones og Queen - men mest av alt med Mosnes sin melodisignatur. 

Fjernsupport kjem til Ekkofestivalen med eit ekslusivt techno-sett. Me gler oss.

 

By: Ekko