Sanhueza

Nabovarsel - NO

Det er jo eigenleg ikkje lov å prate om god stemning, men når det kjem til Sanhueza er det freistande. For sjølv om det finst ei mengd gode DJ-er i Bergen, plenty av folk som er i stand til å utføre ein sømløs miks eller byggje eit suggerende dansegulv, så er det få som gjer alt dette og samstundes puttar eit enormt glis rundt munnen din. Men Sanhueza gjer alt dette - og litt til. 

Så har han òg øvt lengje. Sanhueza hadde sin første spillejobb på den legendariske klubben Miles Ahead allereie som 15-åring. Sjølv om han ikkje er gamle karen i dag, så utgjer det ein gode ti år med trening. Han står òg bak klubbkollektivet Nabovarsel. 

Han er ein gjenganger på Ekko-programmet, han jobbar òg med presse for festivalen, og er alltid tilstades i kulissene. Vi vil påstå han er blant Bergens aller beste DJ-er, og då må han sjølvsagt på programmet.

By: Ekko