Vessels

Cuckundoo Records - UK

Nokre gonger så kjem dei utsende Ekkoa våre-medarbeidere over artistar som vi beintfram berre må ha på festivalen. Ein av kontaktane våre overvar ein konsert med britiske Vessels på Berghain tidlegare i år og sende starks melding om at dette var noko vi ikkje måtte gå glipp av. Vi sjekka ut bandet nærare og kunne ikkje seie oss meir samd i at dette er noko Bergen fortener å oppleve. Sjekk ut videoen i høgre kolonne, og meir av musikken deira under videoen - så forstår du kanskje litt av fascinasjonen vår.

 

Vessels er fem mann frå Leeds i nord-England. Fem mann solid forankra i postrock - men med stor forkjærleik for amerikanske produsentar. Eit postrock/indie band er kanskje ikkje det første ein forventar å sjå når ein opnar Ekkokatalogen. Vessels er eit av dei banda kor dei elektroniske innverknadene som før låg og bobla under overflata plutseleg har plass heilt framst i lydbildet. Vessels skaper melodiøs rock para med støy og anna elektronikk i botn. Denne elektroniske ryggsøyla får dei til virke som ei kule. Vene melodiar syng uforstyrra på topp over eit elektronisk eklektisk lydhav.

Ein del av melodiane er skikkelege nynnesongar. Ein får lyst til å nynne med - trass i at noiseklang truger nedanifrå. Resultatet blir ein herleg god uro. Det er som uroa ein kjenner når ein plutseleg får inn fjerne signal på kortbølgeradioen. Det kan vere frå båt langt unna - eller eit radiofyr.

By: Ekko