Actress

Honest Jon's Records - UK

*** AVLYST ***

Den britiske teknolorden Actress - Darren J Cunningham - er kjend for sine remiksar. Alt frå Panda Bear og Radiohead til Halo har blitt omarbeidd og omforma av han. No gjer han noko heilt anna. Noko historisk: han tek teknosjangeren inn i dødsriket. 

 

Requiemsjangeren er ein svært alvorleg sjanger. Requiem - som betyr dødsmesse på latin - er det Mozart skreiv på dødsleiet. Og det er det mest kjende den franske komponisten Fauré komponerte. Tyskaren Johannes Brahms har også komponert eit lydsterkt Requiem - og det har også den polske modernisten Penderecki. Lista er lang. Det finst mange - både i moderne og gamal tid som har forsøkt å komponere ei dødsmesse. Av ein eller annan grunn er det for det meste innan klassisk og kyrkjemusikk ein finn denne tilnærminga til død. Kanskje fordi det er vanskeleg å gå inn i denne tematikken utan å bli emosjonell sausete. Det er svært utfordrande å skrive kring emnet utan å lage newagesalsa. Dette veit den engelske teknonestoren Actress svært godt. Difor har han brukt lang tid på å meditere over dette emnet - før han gav ut «R.I.P», hans siste plate. Det er hans innlegg i Requiemsdiskursen. Gjennom rike komposisjonar fortel han kva han ser i dødslandskapet og dødsmytologi. «R.I.P» - Rest In Peace - er med på å endre teknosjangeren for alltid: eit Tekno-Requiem. 

By: Ekko