Mykki Blanco

UNO - US

Ein rap-sensasjon i vill veksling mellom poesi-slam, crossdressing og politisk homofili. Han er også poet - med ei diktsamling på samvitet: «From the Silence of Duchamp to the Noise of Boys» (OHWOW imprint 2011). Mixtapen «Cosmic Angel: The Illuminati Prince/ss» frå 2012 (produksjon Brenmar, Flosstradamus, Gobby, Le1f, Matrixxman og Sinden) gjer furore verda over. Ein konsert med Blanco er som å vere på fest med Andy Warhol, GG Allin, Marilyn Manson og Jean Cocteau på same tid. Med andre ord ein fest du ikkje vil gå glipp av. 

 

Det er nok langt meir krigersk og politisk enn Vicky Pollard dette. Men slamminga til rap-fenomenet Mykki Blanco minner om henne! Vicky - denne stretchkledde jenta i Little Britain som slenger frå seg tiradar som "Yeah, but, no, but, yeah, but, no, but, yeah, but, no, but, yeah, but, no, but, yeah, but, no, but, yeah, but, no, but, no, but, yeah, but, no, but, yeah, but, no, but, yeah, but, no, but, yeah, but, no, but" Det er ikkje så langt unna humoren, diksjonen og rytmikken til Mykki Blanco. Berre at sistnemnde er langt meir suveren teknisk, musikalsk og poetisk. Mykki - som eigentleg heiter Michael Quattlebaum jr – har gått heilt opp i sitt alterego. Prosjektet er djupt inspirert av eit anna alterego: Lil' Kim's Kimmy Blanco. Frå 2010 har Mikky gjennom ein elddåp på YouTube vore den absolutte riddaren innan Queercore. Kledd i BH og jenteting låner han element frå Nicki Minaj, Lauryn Hill, Rihanna, Anaïs Nin, Marilyn Manson, Jean Cocteau og Vaginal Davis. Sistnemnde er ein annan helt frå riot grrl-rørsla. Han veksler mellom å vere mann og spele kvinne - cross-dressing er fridom for mannen bak Mykki.

Det gjer at han med lettaste mine veksler mellom å vere queer performance-artist, rappar og poet. Han skriv dikt under sitt eige namn Michael Quattlebaum Jr - og er minst like hissig og frenetisk då som når han rappar. Det er med andre ord eit vilt og levande kunstnarskap ein får møte på Ekko denne kvelden. Alt han gjer er ispedd store dosar dansbar humor, politikk og ekstrem veksling mellom referansar. 

 

 

By: Ekko